Den første som vi veit tok opp tanken om å skipe ungdomslag, var Ole Vig i 1853. Ole Vig-fondet vil vere med å løfte fram verdien i å vere aktiv i og leie ein frivillig organisasjon, ta ansvar for ein heilskap og arbeide for og saman med andre i år etter år. 

Torbjørn Bergwitz Lauen er født i 1990, og har vore leiar i Noregs Ungdomslag sidan 2019. Han kom inn i styret i 2016. Han var medlem i barne- og ungdomsrådet i 2010-2012, og leiar i valnemnda 2013-2014. Heilt frå 2010 til 2017 var han medlem i barne- og ungdomsutvalet i den nordiske folkedansorganisasjonen Nordlek og frå 2017 medlem i folkedans- og kulturutvalet der. 

Da han var 14 år (!) blei han styremedlem i leikarringen i Bondeungdomslaget i Kristiansand og frå 16-årsalderen medlem og etter kvart leiar både i barne- og ungdomsnemnda i Vest-Agder Ungdomslag, leiar for Fylkeslagets ungdomsring i Aust-Agder Ungdomslag frå han var 17 til han var 19 og flytta heimanfrå for å gå på Arbeidarrørslas Folkehøgskole på Ringsaker. Parallelt var han aktiv og hadde verv i skolesamanheng, i partipolitisk ungdomsarbeid først i Sosialistisk ungdom og seinare i Senterungdommen, i Norsk Målungdom og Foreininga Norden Ungdom på landsplan. Han rakk også å vere med i musikk- og danseprosjektet Reel around the North Sea med aktørar frå Danmark, Finland, Irland, Norge, Skottland og Sverige 2008-2011, og å ha sommarjobbar. 

Frå 2010 til 2015 studerte Torbjørn Bergwitz Lauen ved Universitetet i Bergen og tok bachelorgradar i samanliknande politikk og historie. I valkampane var han deltids valkampmedarbeidar for Senterpartiet i Hordaland 2015 og Oslo 2017. Og i sommarferiane korte engasjement som leirsjef, samordnar og rådgjevar for barne- og ungdomsarrangement i regi av Noregs Ungdomslag og/eller nordiske samarbeidspartar i Bodø, Steinkjer, Skive, Reykjavík, Viborg og Klaksvík. Og gjennom heileåret alle åra i Bergen tok han på seg leiaroppgåver i Bergen ungdomslag Ervingen som medlem i blad- og bestnemnda, styreleiar 2014-2016 med ansvar for to tilsette, og medlem av valnemnda. 

I åra 2016-2018 tok han mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo med oppgåva «Å lære å meine, og meine det høgt: Frilyndte ungdomslag i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking ca. 1870-1920». Frå 2018 har han arbeidd i engasjement i Noregs Ungdomslag (20% i 2018) og som kommunikasjonsrådgivar i Senterungdommen i 60% i 2018, før stillinga i Senterungdommen blei utvida til 100% og fast stilling frå 2019. 

«Å lære å meine, og meine det høgt» er viktig i eit demokrati, og for å bidra til den folkeopplysninga for seg sjølv og andre samfunnet er sterkt avhengig av. Torbjørn Bergwitz Lauen viser dette i praksis kvar dag, år etter år. 

Det har gjort han til ein verdig mottakar av Ole Vig-prisen 2021.

 

Skrevet av Jan Kløvstad