Til utvalte organisasjonar og alle som vil sende inn forslag
Styret i Ole Vig-fondet inviterer med dette til å sende inn forslag til vinnar av Ole Vig-prisen 2023. Din organisasjon er med dette invitert til å grunngi forslaget på ein kandidat så godt at styret i fondet gir vedkomande prisen, som er på 10 000 kr og ein diplom. Prisen blir delt ut 13. november i Stjørdal. Prisutdelingsarrangementet blir også avslutninga på det store 200-årsjubileet for Ole Vig.
Ole Vig-frimerket er gitt ut av Stjørdal frimerkeklubb i samband med jubileet.
Fristen for å sende inn forslag til sekretær jan.klovstad@venstre.no er 1. april 2024.
Kven kan få Ole Vig-prisen?
Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda: Folkeopplysningarbeid, kunst og kulturarbeid medrekna idrett.
Beste helsing
Ole Vig-fondet
Inger Johanne Overvik Uthus, leiar
Jan Kløvstad, sekretær