Tilstades Inger Johanne Overvik Uthus, Stjørdal kommune, Inger Anne Sundbø, Utdanningsforbundet Stjørdal, Geir Røsvoll, Utdanningsforbundet, Jan Kløvstad, Noregs Ungdomslag, Linn Martinussen, Inntrøndelag Ungdomssamlag
Utvalsleiar Roar Brekken i Stjørdal kommune og generalsekretær Kai Roger Vatne i Noregs Ungdomslag møtte for eigarane.
Inger Johanne Uthus åpna årsmøtet med noen ord om solidaritet for Ukraina, og Arnulf Øverlands ord:
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Sakliste
Sak 1 Godkjenning av innkalling
Årsmøtet var varsla i styremøtet 30. januar.
Vedtak: Årsmøtet er lovleg innkalt.
Sak 2 Konstituering og val av møteleiar og referent
Årsmøteutsendingane er utfrå tradisjonen i Ole Vig-fondet styremedlemmene valt av eigarorganisasjonane.
Vedtak: Inger Johanne Overvik Uthus blei valt til møteleiar og Jan Kløvstad til sekretær.
Sak 3 Årsmelding for 2021
Årsmelding 2021
Formål
Formålet med Ole Vig-fondet (§1 i vedtektene) er å gi ungdommar som er inntil 35 år gamle, og som har gjort ein ekstra kulturell innsats i Ole Vigs ånd, ein pris som dei kan nytte til å utvikle seg vidare innanfor sitt/sine felt.
Bakgrunn
Ole Vig-fondet er etablert med grunnlag i startkapitalen i fondet var overskotet etter finansieringa av Ole Vig-statuen i Stjørdal sentrum, som Inntrøndelag Ungdomssamlag hadde tatt initiativet til.
Styret
Styret i 2021 (utfrå § 4 i vedtektene) har vore: – Inntrøndelag Ungdomssamlag – Linn Martinussen, varamedlem Bjørnar Gulstad
Noregs Ungdomslag – Kevin André Theigmann, varamedlem Jan Kløvstad
Utdanningsforbundet – Geir Røsvoll, varamedlem Hilde Lein
Utdanningsforbundet Stjørdal – Inger-Anne Sundbø (nestleiar), varamedlem Kjersti Albrechtsen
Stjørdal kommune – Inger Johanne Overvik Uthus (leiar), varamedlem Lillian Solstad
Styret er registrert i Brønnøysundregisteret med registreringsnummer 995 314 290.
Styret hadde fire digitale møte i 2021 og behandla 22 saker.
Utdeling av Ole Vig-prisen
Fondsstyret sendte innbyding til å foreslå kandidatar til organisasjonane Norges Idrettsforbund, FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Utdanningsforbundet, i tillegg til pressemelding i Bladet. Frå desember 2021 er Ole Vig-prisen også fast gjort kjent i Legathåndboken, på nett og i papirutgåve. Årets Ole Vig-prisvinnar var styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen, foreslått av resten av styret i Noregs Ungdomslag. Det var seks andre kandidatar til prisen, og det er varsla fleire kandidatar dei komande åra. Det lovar godt for vidare arbeid med å finne verdige prisvinnarar.
Grunngjevinga for tildelinga var:
«Torbjørn Bergwitz Lauen får Ole Vig-prisen 2021
Den første som vi veit tok opp tanken om å skipe ungdomslag, var Ole Vig i 1853. Ole Vig-fondet vil vere med å løfte fram verdien i å vere aktiv i og leie ein frivillig organisasjon, ta ansvar for ein heilskap og arbeide for og saman med andre i år etter år.
Torbjørn Bergwitz Lauen er født i 1990, og har vore leiar i Noregs Ungdomslag sidan 2019. Han kom inn i styret i 2016. Han var medlem i barne- og ungdomsrådet i 2010-2012, og leiar i valnemnda 2013-2014. Heilt frå 2010 til 2017 var han medlem i barne- og ungdomsutvalet i den nordiske folkedansorganisasjonen Nordlek og frå 2017 medlem i folkedans- og kulturutvalet der.
Da han var 14 år (!) blei han styremedlem i leikarringen i Bondeungdomslaget i Kristiansand og frå 16-årsalderen medlem og etter kvart leiar både i barne- og ungdomsnemnda i Vest-Agder Ungdomslag, leiar for Fylkeslagets ungdomsring i Aust-Agder Ungdomslag frå han var 17 til han var 19 og flytta heimanfrå for å gå på Arbeidarrørslas Folkehøgskole på Ringsaker. Parallelt var han aktiv og hadde verv i skolesamanheng, i partipolitisk ungdomsarbeid først i Sosialistisk ungdom og seinare i Senterungdommen, i Norsk Målungdom og Foreininga Norden Ungdom på landsplan. Han rakk også å vere med i musikk- og danseprosjektet Reel around the North Sea med aktørar frå Danmark, Finland, Irland, Norge, Skottland og Sverige 2008-2011, og å ha sommarjobbar.
Frå 2010 til 2015 studerte Torbjørn Bergwitz Lauen ved Universitetet i Bergen og tok bachelorgradar i samanliknande politikk og historie. I valkampane var han deltids valkampmedarbeidar for Oslo Senterparti 2011-2016 og i Hordaland Senterparti 2015. Og i sommarferiane korte engasjement som leirsjef, samordnar og rådgjevar for barne- og ungdomsarrangement i regi av Noregs Ungdomslag og/eller nordiske samarbeidspartar i Bodø, Steinkjer, Skive, Reykjavík, Viborg og Klaksvík. Og gjennom heileåret alle åra i Bergen tok han på seg leiaroppgåver i Bergen ungdomslag Ervingen som medlem i blad- og bestnemnda, styreleiar 2014-2016 med ansvar for to tilsette, og medlem av valnemnda.
I åra 2016-2018 tok han mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo med oppgåva «Å lære å meine, og meine det høgt: Frilyndte ungdomslag i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking ca. 1870-1920». Frå 2018 har han arbeidd i engasjement i Noregs Ungdomslag (20% i 2018) og som kommunikasjonsrådgivar i Senterungdommen i 60% i 2018, før stillinga i Senterungdommen blei utvida til 100% og fast stilling frå 2019.
«Å lære å meine, og meine det høgt» er viktig i eit demokrati, og for å bidra til den folkeopplysninga for seg sjølv og andre samfunnet er sterkt avhengig av. Torbjørn Bergwitz Lauen viser dette i praksis kvar dag, år etter år.
Det har gjort han til ein verdig mottakar av Ole Vig-prisen 2021.»
Ole Vig-prisen blei delt ut 1. desember i Kimen kulturhus i Stjørdal, i samband med kommunale kulturprisar i Stjørdal i 2021. Styrets nestleiar Inger-Anne Sundbø delte ut prisen, diplom og biografien Ole Vig. Folkevennen av Arild Bye, og prisvinnaren kvitterte med eigenkomponert stev og takketale. Også leiar Inger Johanne Overvik Uthus, styremedlem Geir Røsvoll og varamedlem Hilde Lein i fondet var tilstades under utdelinga. Her er omtalen av prisutdelinga på www.olevig.no: https://olevig.no/utdeling-av-ole-vig-prisen-2021/
Heimesida
Frode Håkonsen har laga heimesida www.olevig.no, og denne er oppdatert jamnt. Inger Anne Sundbø er kontaktperson for sosiale medier i styret.
Ole Vig-jubileet i 2024
I 2024 er det 200 år sidan Ole Vig blei født. Ole Vig-fondet har inga formell rolle i jubileet utfrå vedtektene, men har gitt råd og innspel til Stjørdal kommune ved kultursjefen i fleire møte i 2021. Geir Røsvoll er styrets kontaktperson i jubileumsarbeidet, og Inger Anne Sundbø er med i jubileumsnemnda som blir styrt av Stjørdal kommune.
Økonomien i Ole Vig-fondet
Ved utgangen av 2021 stod det kr 67834,00 (ved utgangen av 2020: 59827,14) på Ole Vig-fondets konto i Sparebanken Midt-Norge. Fondsstyret bad eigarane av fondet om å bidra med 5000 kr kvar, og dette blei følgt godt opp. Fondet har med dette midlar til å dele ut Ole Vig-prisen i fleire år framover. Fondet har fått fem eksemplar av Arild Byes biografi Ole Vig. Folkevennen (Aschehoug, 2014), som gåve frå forfattaren. Desse bøkene vil bli brukt som gåver til framtidige vinnarar.
Sekretariat
Frå 2021 har Noregs Ungdomslag ved Jan Kløvstad tatt på seg å vere sekretariat for fondsstyret, utan utgifter for fondet.
Likestilling
Fondet har fem styremedlemmer, i 2021 var det tre kvinner og to menn.
Miljø
Ole Vig-fondet har inga verksemd som forureinar miljøet.
For Ole Vig-fondet
Inger Johanne Overvik Uthus Geir Røsvoll
Inger-Anne Sundbø Linn Martinussen
Kevin André Theigmann
Jan Kløvstad, sekretær
Vedtak: Årsmeldinga 2021 vedtatt.
Sak 4 Rekneskap med revisormerknad for 2021
Sjå vedlagt årsrekneskap med revisormerknad. Revisor har ingen merknader til rekneskapen. 31. desember 2021 viser balansen ein eigenkapital på 67 384 kr. Årsresultatet var 7557 kr, eit driftsresultat på 7496 kr pluss renteinntekter 61 kr.
Eigarane Stjørdal kommune, Utdanningsforbundet Stjørdal og på landsplan og Noregs Ungdomslag styrka eigenkapitalen med 20 000 kr. Vi ventar på innbetaling 5000 kr frå Inntrøndelag Ungdomssamlag.
Vedtak: Rekneskap for 2021 godkjent.
Sak 5 Arbeidsplan 2022
Mål for 2022
Oppdatering av heimeside i samarbeid med Frode Håkonsen i Reklamebanken. Sekretæren i fondsstyret har ansvar for å sende tekstar til Frode Håkonsen. Saker: Utlysing av forslagsfrist, presentasjon av vinnaren og prisarrangement. Ansvar elles: Inger Anne Sundbø og Geir Røsvoll
Utlysing av Ole Vig-prisen, med forslagsfrist 1. april, avgjerd før sommaren og utdeling i passande arrangement. Ansvar: Sekretæren
Inspirasjon til jubileumsnemnda for Ole Vig-jubileet i 2024. Ansvar: Styret
Vedtak: Arbeidsplan for 2022 vedtatt.
Sak 6 Budsjett 2022
BU 2022 Inntekter | (RE 2021 Inntekter) | BU 2022 Utgifter | (RE 2021 Utgifter | |
Styrking av fondet * | 5000 | 20000 | ||
Ole Vig-prisen | 10000 | 10000 | ||
Revisor | 2100 | 2500 | ||
Rekneskap | 5000 | |||
Utdelingskostnader, diplom, innramming, blomster, reise, evnt opphald | 5000 | |||
Ymse | 2000** | 4 | ||
Driftsresultat | 20000 | -22100 | 7496 | |
Renter/gebyr | 61 | |||
Årsresultat | -17100 | 7557 |
*Inntrøndelag Ungdomssamlag betalte ikkje inn 5000 kr i 2021, som dei andre eigarane gjorde. Summen er venta i 2022.
**Reiseutgifter for prisvinnaren kom inn før utgangen av 2021, så det blir belasta i 2022.
På konto 31. desember 2022 bør det stå rundt 42 000 kr.
Vedtak: Budsjett for 2022 vedtatt.
Sak 7 Val
I vedtektene står det:
Ole Vig-fondet skal ha eit styre som består av 5 representantar, ein oppnemnt frå kvar av desse:
– Inntrøndelag Ungdomssamlag
– Noregs Ungdomslag
– Utdanningsforbundet
– Utdanningsforbundet Stjørdal
– Stjørdal kommune
Kvar styrerepresentant skal ha personleg vararepresentant. Styre- og vararepresentantane skal veljas for to år, og på ein slik måte at det blir kontinuitet i styret. Styret konstituerer seg sjølv kvart år på årsmøtet sitt i mars.
Den enkelte styremedlem må hente inn mandat frå den ho/han representerer for å avklare funksjonstid, og melde det til sekretæren. Så veit vi kven som skal veljast for kva tidsperiode.
Vedtak: Styret for perioden 2022 til årsmøtet 2023 blir
Stjørdal kommune: Innstilt Inger Johanne Overvik Uthus med Lillian Solstad som vara (gjeld heile kommunestyreperioden 2019—2023)
Inntrøndelag Ungdomssamlag: Innstilt Linn Martinussen med Bjørnar Gulstad som vara
Noregs Ungdomslag: Innstilt Jan Kløvstad med Bjørn Arve Moen som vara
Utdanningsforbundet: Geir Røsvoll med Hilde Lein som vara
Utdanningsforbundet Stjørdal: Inger Anne Sundbø med Kjersti Albrechtsen som vara
Styret konstituerer seg sjølv i første styremøte.
Møtet slutt kl 2025.
Refr. Jan Kløvstad
Ole Vig-jubileet i 2024
Etter årsmøtet orienterte leiar Roar Brekken i Stjørdal kommunes utval for velferd og levekår om arbeidet med Ole Vig-jubileet 2024. Det var oppstartmøte for den kommunale nemnda 22. februar, med blant andre Lars Moa, rektor Arild Ofstad ved Ole Vig videregående skole, kommunedirektør Tor Jakob Reitan og utvalsleiar Roar Brekken. Ole Vig-fondet er invitert med inn i styringsgruppa, og Inger Anne Sundbø blir fondets faste medlem, med Kjersti Albrechtsen som varamedlem. Det var ei idémyldring om arbeidet framover. Arbeidet blir organisert med ei styringsgruppe organisert av kommunedirektøren, og ei prosjektgruppe med prosjektleiar frå kulturavdelinga. Neste møte i styringsgruppa er 30. mars.
I samtalen etter orienteringa kom det fram ønske om å markere at Ole Vig var ein viktig nybrottsmann også regionalt og nasjonalt. Det blei foreslått å ta kontakt med Trøndelag fylkeskommune, utdanningsinstitusjonar, frivillige organisasjonar på landsplan, Utdanningsforbundet og Kulturdepartementet, med sikte på å finne samarbeidspartnarar og styrke økonomien i jubileet. Utdanningsforbundet ved Geir Røsvoll antyda økonomisk støtte frå forbundet både regionalt og lokalt.