Alle kjenner Birgit Skarstein, med breidt smil, sterk overkropp og eit samfunnsengasjement av dei sjeldne. Hun ror for Christiania Roklub, og stiller i langrenn for Frol Idrettslag. Det er Frol Idrettslag som har foreslått Skarstein. Birgit Skarstein har OL-gull i roing i Tokyo i 2021 (leikene blei utsett eit år under pandemien), fem VM-gull og tre EM-gull i klassen for utøvarar med størst funksjonsnedsetting. I langrennspigging har ho fire VM-medaljar og har funne verdscupen samanlagt fire gonger.
Birgit Skarstein var ein lovande svømmar i ungdomstida, målbevisst og skoleflink. Ho har studert statsvitenskap. Men i ei badeulykke og uhell under operasjonar etterpå i 2009 blei ho lam frå livet og ned. Fysisk trening blei ein viktig del av hennes eigen strategi for å mestre det nye livet. Med viljestyrke og hardtrening er ho blitt den fremste kvinnelege parautøveren Norge noensinne har hatt.
Når ho nå blir tildelt Ole Vig-prisen er det både som idrettsutøvar, og som ein samfunnsprofil som gjer ein enorm insnats. Ho har leia Unge Funksjonshemmede i ein periode, var bystyremedlem for Arbeidarpartiet i Oslo 2015-2019, er eit forbilde gjennom fleire fjernsynsprogram, er utøvarrepresentant i Den internasjonale paraolympiske komité, har fått norsk idretts gjevaste pris – Egebergs ærespris og er kåra til årets kvinnelege funksjonshemma utøvar. Få har fått så mange prisar, så velfortent som Birgit Skarstein. Ingen andre vil noen gong kunne kopiere det å ha fått Oslo kommunes ærespris for ekstraordinær idrettsinnsats seks gonger på rad!
Birgit Skarstein har fått Fredrikkeprisen for å ha bidratt sterkt til eit meir åpent og mangfaldig samfunn. Fredrikke Marie Qvam var frå Steinkjer, Birgit Skarstein i Levanger. Det er eit eple som har falt like ved stammen. I vår tid er Birgit like viktig som Fredrikke Marie var i si tid.
Ole Vig-prisen går til et menneske som fører vidare arven etter Ole Vig. Bak prisen står Inntrøndelag ungdomssamlag, Noregs Ungdomslag, Utdanningsforbundet i Stjørdal og på landsplan, og Stjørdal kommune.
Ole Vig var eit folkeopplysningsmenneske og ein nasjonsbyggar som hadde stor betydning for demokratiet vårt. Birgit Skarstein er blant dei aller fremste i å føre denne arven vidare.
Ole Vig-prisen er på 10 000 kr og ein diplom. Prisen blir overrakt i Kimen kulturhus i Stjørdal onsdag 29. november.