Ole Vig-prisen for 2022 går til Torstein Fosmo, operasongar, komponist, arrangør,
tilretteleggar, inspirator og mykje meir. Fosmo er 32 år, kjem frå Hommelvik, og bur nå i
Verdal. Han har studert utøvande klassisk song på NTNU i Trondheim og musikkdramatikk
ved Musikhögskolan i Malmö og Malmö Opera. Mange kjenner han frå operaforestillingar i
Opera Trøndelag og Malmö Opera, i forestillingar som Flaggermusen, Tryllefløyten,
Czardasfyrstinnen, Madame Butterfly og Snödrottningen. Han opptrer i Operaen i
Kristiansund og har vore festivalartist under Trondheim Kammermusikkfestival. Også i
nyskrivne verk som Kommentarfeltet og Krenket av Brøløy er han med, i tillegg til revyar og
teaterforestillingar.

Torstein Fosmo har brei erfaring både som songar, skodespelar, regissør, arrangør, dirigent og
komponist. Alt som 14-åring blei han lagt merke til som eit allsidig kulturmenneske på høgt
kvalitetsnivå. Som 22-åring fekk han Malvik kommunes kulturpris. Det er styret i
Trøndelagsoperaen som har foreslått Fosmo til den gjeve Ole Vig-prisen.

Ole Vig (1824-1857) var folkeopplysar, lærar, forfattar og nasjonsbyggar. Bak Ole Vig-prisen
står Inntrøndelag Ungdomssamlag, Noregs Ungdomslag, Utdanningsforbundet på landsplan
og i Stjørdal, og Stjørdal kommune. Prisutdelinga skjer i Kimen, Stjørdal kulturhus seinare i
haust.

Torstein Fosmo

Torstein Fosmo