Det var i 1964, i samband med at det var 140 år sidan Ole Vig vart fødd, at Inntrøndelag Ungdomssamlag gjorde eit vedtak om at dei skulle arbeide for å reise eit monument over Ole Vig i heimbygda Stjørdal. Det vart valt ei nemnd som bestod av Gunnar G. Aune (leiar) og Gunnleif Moa, begge frå Stjørdal, og Jarle Arntsen frå Hegra, alle tre aktive ungdomslagsfolk. Oppdraget deira var å kontakte ein bilethoggar, innhente kostnadsoverslag og sørge for finansiering.

Dei tok kontakt med Hjalmar Hansen (1911-1973) som hadde atelier i Oslo, men som opphavleg var frå Grong. Hansen utarbeidde eit utkast til statue som var inspirert av dette diktet Lars Eskeland hadde skrive om Ole Vig:

Du var ein lærar for ditt folk

du var ein eldfull tanketolk

Ein såmann med ei signa hand

ein solstraum i ditt fedreland

Hansen ville lage ein statue av ein såmann i arbeid, ein ungdom med klårt preg av viljestyrke og ihug, med såkorn i ei korg og høgre handa løfta som om han var i ferd med å spreie såkornet utover åkeren. På framsida av sokkelen skulle det vere eit relieff av ansiktet til Ole Vig, og på baksida av sokkelen verset av Eskeland. Utkastet vart godkjent av tremannsnemnda, og i 1967 kom statuen og sokkelen til Stjørdal frakta av Håkon Knotten på lasteplan fylt med halm. Det kan nemnast at transporten gjorde eit kort stopp på Sagatun Folkehøgskole ved Hamar, landets første folkehøgskole som var eit resultat av Ole Vigs arbeid for å innføre denne skoletypen i Noreg.

Vel framme i Stjørdal fekk statue og sokkel eit lageropphald heilt fram til 1971; sokkelen i eit skur i Sandskogan og statuen i kjellaren på det nye rådhuset. Statuen vart sett opp på plassen som i dag heiter Ole Vigs plass, men som den gongen heitte Ole Vigs Minde. Det var der den første skolebygninga i Stjørdal vart reist i 1860, ei bygning som dessverre vart riven i samband med bygginga av den nye rådhuset. Avdukinga av statuen skjedde i juli 1971, og det var kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik som heldt avdukingstalen.

Kostnadane for statuen kom på 77.000 kroner. Men nemnda hadde vore svært dyktige også med innsamling av pengar, og dei fekk inn bidrag frå heile landet som til saman vart 92.000 kroner. Og allereie ved avdukinga vart det gjort kjent at dei overskytande 15.000 kronene skulle vere grunnlaget for eit Ole Vig- fond og ein pris som skulle utdelast til ein ungdom som hadde gjort ein spesiell innsats i Ole Vigs ånd. Og i 1979 vart Ole Vig-prisen delt ut for første gong.